Nye leiarar på plass ved Jostedalsbreen nasjonalparksenter:

Vi møter Mari Jacobsen og Wenche Nesje omlag ein månad ut i sesongen. Den nytilsette leiaren har jobba ved senteret sidan april, medan Nesje tiltredde omlag samstundes med at dei første turistane fann vegen inn døra.

Men trass lite tid til å omrøme seg må ein bli imponert over alle grepa og alle planane som allereie er teke tak i.

Tydlegast er nok endringa ved inngangen, der souvenirbutikken er tona ned. I staden har delar av utstillinga fått plass her. Når det gjeld sjølve utstillingslokalet, er arbeidet godt i gang for å tilpasse den til nye formidlingsmåtar og nye fokusområde.

– Når vi er ferdige, er tanken at utstillinga i hovudsak skal handle om skred. Vi har to andre nasjonalparksenter rundt oss, i Jostedalen og Fjærland, og det er viktig at vi skapar vår eigen profil og identitet. Dei fokuserer mykje på klima og geologi. Stryn er også mellom kommunane med mest skred i landet, fortel Jacobsen.

Fokus på formidling

Senteret har fått noko støtte til utvikling av utstillinga, og eit ønske er å ta i bruk meir digitale verkemidlar og på sikt utvikle formidlingsløysingar som skapar ein viss grad av interaksjon med dei besøkjande. Førebels er det kome opp nye foto på veggane, det er plassert ut nettbrett og ein dokumentarfilm om Lodalsulukkene vil snart bli vist på eit stort lerret i utstillingslokalet.

– Vi skal tilbake til å bli eit nasjonalparksenter med fokus på formidling, seier den daglege leiaren.

Trass kort tid i jobben er Nesje allereie godt varm i trøya. Ho skal ha ansvar for sal og marknadsføring. Det har vore lite tid til å konsentrere seg om det, men nokre tankar mellom svelesteiking, papirarbeid og butikkdrift har ho likevel gjort seg.

– Vi må bli synlegare i sosiale media, og vi må jobbe med nettverksbygging. Kanskje særleg mot dei som har vore kundar her før, og få desse tilbake, seier den tidlegare bankmedarbeidaren.

– Vi skal få tilbake identiteten til senteret. No handlar det om å få oversikt og ta opp att ein del trådar frå tidlegare som kanskje har forsvunne.

Dei trur mange i bygda er nysgjerrige på kva dei to kvinnene kan få til og kva planar dei har. Dei opplever at nokre er litt avventande, medan andre har engasjert seg og bidrege med ulik hjelp i førebuinga til sesongen.

Parallellt med den pågåande jobben med utstillinga tek dei også snart fatt på den botaniske hagen.

– Vi har fått 450.000 kr frå Miljødirektoratet og startar graving i løpet av sommaren. Vi skulle gjerne gjort endå meir med ein gong, men det går ikkje, smiler Jacobsen.