– Siste helga før eg begynte på jobb etter sommarferien tok eg meg ein real fest, og åt så mykje eg ville. Det var den siste utskeiinga før eg gjekk inn i hardtrening, seier Tarald Faulk Raftevold, frå Hornindal.

Han har gått fire fjellturar i veka det siste året, og trenar styrke resten av dagane.

– I byrjinga gjekk eg åleine, fordi eg følte at eg heldt igjen dei andre, men no er det eg som må vente på dei, seier han med eit smil.

Får ny giv av å motivere andre

Raftevold har fått mange positive tilbakemeldingar frå folk, både ansikt til ansikt og på Instagram. Sjølv får han ikkje motivasjon frå å sjå «skrytebilde» på sosiale medium.

– Eg blir demotivert av å sjå andre sin suksess på sosiale medium, men er glad for at eg kan motivere andre med det eg gjer, seier han.

Raftevold har mellom anna planar om å gå Skåla i sommar, og siktar seg inn på Hornindal rundt til neste år.

Kutta alkoholen, nesten

– Eg ete betydeleg mindre, og sunnare. Det går mykje i knekkebrød, og eg har i stor grad kutta ut salt, mjøl, smør og alkohol, seier honndølen.

Han drakk berre to gongar sist haust, og peikar på alkohol som noko av det mest øydeleggjande for forma.

– Men til helga skal eg på Malakoff og ta meg ein god fest, fortel han forventningsfullt. Det er viktig å kose seg litt og, legg han til.

Hjelperyttaren

– Sondre Leivdal skal få mykje av æra for at eg kom meg i gang med trening og fjellturar, han driv og instagram-profilen «Taralds reise», som motiverer meg til å fortsette.

– Eg kan jo ikkje stoppe, når eg får så mykje positive tilbakemeldingar. På dei «tunge partia», har alle som heiar definitivt hjelpt meg over kneika, seier han lattermildt.

Tarald Fauske Raftevold brukar pulsbeltet for å kartlegge formutviklinga Foto: Sondre Leivdal
Sondre Leivdal hjelpte Tarald å endre livsstil Foto: Sondre Leivdal
Om vinteren tar Tarald skia i bruk for å komme til toppane i nærleiken Foto: Sondre Leivdal