Svein Arne Vågane i NVE stadfestar at dei mottok melding frå Bruland i fjor, der professoren ved NTNU åtvara om situasjonen med bruene i Utvik.

- Nådde ikkje fram med åtvaringane

- Det vart då vurdert tiltak for bruene oppe i bakkane, dette vart sendt Statens vegvesen og det var kome så langt at det var sendt byggemelding til kommunen. Det har vi fått stadfesta frå teknisk sjef i Stryn, seier Vågane.

- Så dette vart teke tak i og tatt på høgste alvor, understrekar han. Vågane påpeikar samstundes at det er vegeigar sitt ansvar for gjennomføring av tiltak.

- Og det er jo eit spørsmål om dette hadde vore nok med dei enorme vassmengdene ein her opplevde, legg han til.

NVE stiller med maskiner

Vågane var tysdag på plass i Utvik og han vil i dialog med leiar for anleggsavdelinga til NVE legge vidare planar for korleis dei kan hjelpe.

- Vi har i alle fall to maskiner som kan bidra, men om det blir denne veka eller tidleg neste veke vi får dei på plass tør eg ikkje svare på no, seier Vågane.