– Det er skremmande å sjå kva for krefter som har vore i sving. Det er enorme materielle skader der elva har teke nye løp. Eg er veldig glad for at det ikkje gjekk menneskeliv tapt, seier Flo.

I Utvik har han også hatt møte med mellom andre fylkesmann Anne Karin Hamre.

Omfattande arbeid

Oppryddingsarbeidet er godt i gang, og det vil halde på framover. Det blir arbeidd med å få på plass ei midlertidig bru over Storelva i Utvik sentrum, og den er truleg klar til å takast i bruk torsdag, seier Flo på telefon frå Utvik.

– Når det gjeld straum så jobbar Stryn Energi med å få på plass straum i sentrum av Utvik. Tistam har no fått tilbake straumen, og vegen mellom Utvik og Tistam er open, fortel Flo.

– Korleis er det med vatn?

– Ikkje alle har fått tilbake vatn i kranane, dette gjeld spesielt i sentrum. Vi har difor fått frakta inn store mengder flaskevatn på kafeen som er tilgjengeleg for dei som treng det.

Måndag var ein tankbil med vatn på plass i bygda for å forsyne fjøsane med vatn.

– Kva med elvane?

–Vi jobbar med ei avklaring på dette frå NVE angåande sikring av elva.

Fem hus er framleis evakuert, og eigarane av desse husa har ikkje flytta tilbake enno.

Ros frå statsminsteren

Ordføraren har også hatt telefonisk kontakt med statsminister Erna Solberg.

–Statsministeren fekk ei oppdatering på situasjonen, og ho rosar den innsatsen bygdefolket og nødetatane har lagt ned så langt.

Olje- og energiminister Terje Søviknes kjem til Utvik onsdag. Der vil Søviknes møte dei som vart råka av flaumen måndag, og få nærare informasjon om oppryddingsarbeidet, går det fram av ei pressemelding frå Olje- og energidepartementet.