-Eg blei vekka klokka åtte i dag da broren min ba meg om å flytte bilen. Etterkvart måtte vi evakuere til kafeen, ein brannbil måtte hjelpe oss over vegen frå kirkegården, da det var umogleg å krysse gata utan hjelp, sier Bera Bruland Evensen.

Kjellaren hennar er blant dei mange som er fyllt opp med vatn. Fellesnemnaren for alle Fjordingen snakkar med er kor overaskande flommen kom på dei.

- Det kom som eit sjokk at det regna så mykje. Det er tøft for heile bygda med all den skaden som har skjedd, det er heilt forferdeleg, seier Evensen.

Drivaren av Kafe Sjøatunet er som dei fleste andre sjokkert, men påpeikar og at sambygdingane har tatt godt vare på kvarandre etter tragedien. Kafeen har holdt åpen heile dagen, og serverar mat og kaffe til dei som vil ha.

-Det er mange som har gjort ein kjempejobb. Det er viktig at vegane blir gjennoppbygd fortast mogleg, seier han.

Wenche Bruland sin gård fikk harde skadar i uværet, men ho er likevel glad for at det berre er snakk om materielle skadar. -For meg er det største tapet, den over to hundre år gamle kirkebåten,  seier ho.

- En person kom og hjalp oss med gravemaskin, slik at vi klarte å berge to av gårdshusa. Flommen kom svært overaskande på oss. Brua som blei gjennoppbygd etter Dagmar  står forsatt, men ingenting rundt den. Det var enorme krefter i spel, tonnasjen med stein som har blitt flytta på er heilt enorm, seier Bruland.

Wenche Bruland er letta over at ingen menneskeliv gjekk tapt i uværet Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Øystein Torheim og Ove Haugen frå Eid Røde Kors køyrer folk fram til og tilbake frå den isolerte bygda Foto: Hans Ivar Moss Kolseth