- Det står att nokre justeringar og påfylling av masse på kvar side. Torsdag morgon er vi forhåpentlegvis i mål, slik at det kan gå trafikk inn og ut av Utvik igjen, seier Sjur Lauvdal, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Han fortel at brua består av to stålelement kvar på 21 meters lengde, og med total breidde på 4,2 meter.

- Brua er noko smalare enn vegen elles, men har same bereevne. Brua vert dermed ingen flaskehals, og er det første og viktigaste grepet for å normalisere kvardagen i Utvik, seier Lauvdal.

Det eine bruelementet er frakta på bil frå Molde, det andre frå Romerike.

- Medan bruelementa vart frakta til Utvik, har Vinsrygg Maskin murt opp steinfundament på kvar side. Fundamenta skal bere brua og samtidig beskytte mot elva.

- Dette er ei mellombels bru, men det vil uansett ta noko tid før permanent bru er på plass, seier Lauvdal.

Skadane på fv 60 mot Utvikfjellet er betydeleg meir omfattande. Det betyr at det går fleire månader før fylkesvegen vert opna att for gjennomgangstrafikk, i følgje Kai Jonny Bugjerde i Statens vegvesen.

Statens vegvesen vonar brua vil vere klar for trafikk frå torsdag morgon. Foto: Privat