– Det er ingen husdyr som er omkomne, men det er problematisk når vasstilføringa har vore stengt, seier Svein Arne Vågane i NVE til Nationen.

Ellen Kirkeeide på landbrukskontoret i Stryn kommune fortel at det i alle høve er to store mjølkefjøs, eit stort grisehus og fleire bringebærprodusentar i Utvik som er ramma av flaumen.

– Bringebærprodusentane er midt i haustinga og skulle levert to gonger for dagen, men det får dei ikkje gjort sidan alle vegane er stengde, seier ho til Nationen.

Mangelen på reint vatn skapar problem for husdyra.

– Måndag veit eg at det var ei problemstilling med å få gitt vatn til grisane, men det er blitt ordna. Så er det òg eit problem med mjølkeleveranse, seier Kirkeeide.

For bøndene som driv med mjølkeproduksjon i Utvik, er det å få vatn til dyra det største problemet akkurat no.

– Vi manglar vatn, så vi har no nokre provisoriske løysingar med aggregat og ein lang vasslange i eit privat vassverk i nærleiken. No håpar vi berre at det skal halde, seier Per Atle Kjøllestad, som har 60 kyr i samdrift, til Nationen.

Bonde Jørgen Solheim, som også driver mjølkeproduksjon i Utvik, seier at vatnet er det største problemet.

– No går alt på aggregat og vi har laga ei provisorisk løysing på vatn. Det å få vatn til dyra er det største problemet, elles ligg vi høgt oppe, så vi er ikkje råka på nokon annan måte, seier han.

Tine opplyser at det måndag berre var i Utvik og Innvik i Nordfjord dei ikkje fekk henta mjølk. På grunn av flaumen var det seks mjølkebønder som blei ramma og måtte tømme ut totalt 11.000 liter mjølk.

(©NPK)