– Eg fekk ansvaret for å sette i stand vegen av kommunen, og trur vi kan ta den i bruk i løpet av dagen. Eg har slått ut mykje mjølk, og situasjonen har vore kritisk både med tanke på å få inn fòr, og frakte mjølk ut. I byrjinga køyrde eg nedover bøen her med traktor, men det vart fort glatt etter kvart som den blei oppkøyrd, fortalde bonde Per Kjøllesdal torsdag morgon.

Samarbeider med naboane

Ola Dvergsdal driv ein mindre bringebærgard på Berge i Utvik og starta med innhaustinga denne veka. – Vi har fått hjelp med å frakte bæra ned Langebakken med traktor, så vi har klart oss. Men, det er takka vere ein hjelpsam nabo og det gode samhaldet at vi har heldt det gåande. Eg har vore ganske bekymra, seier Dvergsdal til Fjordingen.

Skremde bærplukkarar

Garden hans fekk berre mindre materielle skadar, men plukkarane vart skremde av flaumen. – Dei var innlosjerte i eit hus på sida av bedehuset, og måtte evakuerast. No er dei redde for å flytte tilbake til huset, fortel han.

Dvergsdal er glad for at reparasjonane på vegen kom så raskt i gang. – Dei små entreprenørane i Utvik veit akkurat kva som må gjerast, og det er flott at dei har fått løyve til å begynne reparasjonane, seier han.

Skal byggje opp att

– Vi er ein relativt liten bringebærgard med rundt fire tonn bær i året, noko som gjer det overkommeleg å få frakta dei ut. Men, visst bæra hadde begynt å modne fort igjen, hadde det blitt utfordrande utan veg, seier Dvergsdal.

Utvikaren syntest det er trist og sjå dei store skadane flaumen har etterlatt seg, men er optimistisk med tanke på oppbygginga av den idylliske bygda. – Ein ting er sikkert, og det er at vi skal byggje opp igjen bygda til å bli minst like fin som ho var før, seier Dvergsdal.

Ola Dvergsdal begynte bringebærsesongen denne veka, og er avhengig av vegen for å få frakta dei ut. Foto: Privat