– Vi er audmjuke og utruleg glad over at vi kom oss til toppen i Skandinavia og Baltikum som einaste hamn i Norge. Eg trur årsaka til det gode resultatet er den fantastiske mottakinga av gjestane i Olden, og den fantastiske naturen i området, spesielt Brikdalsbreen. Det er ikkje alle plassar i Norge der cruiseturistane blir like godt tekne imot som i Olden. Det er fantastisk at ei bygd med 600 innbyggjarar ligg i toppen, i same selskap som fire millionbyar. Vi vil bruke denne kåringa til å  promotere området mot nye reiarlag vi enno ikkje har hatt besøk av, og sidan det er gjestane som kårar, så har det stor tyngde. Det har derfor stor verdi for oss, seier Sølve Oldeide i Nordfjord Havn IKS til Fjordingen.

Gode anmeldelsar

Briksdalsbreen og Lodalen er ofte nemnt blant anmeldarane på «Cruisecritic», som dei viktigaste å få med seg av attraksjonane i Stryn. Nesten alle tilbakemeldingane er positive, men prisen dreg i enkelte tilfelle ned opplevinga. Dei som klagar på prisane er likevel oftast svært positive til resten. Både guidane, aktivitetane og naturen får skryt frå turistane. Avstemminga samlast opp årleg, og det blir kåra vinnarar på verdsbasis og regionalt. Resultatet har stor promoteringssverdi for destinasjonane si salgskraft overfor reiarlaga.

Glad og stolt ordførar

– Det at vi ligg på topplista i Baltikum og Skandinavia gjer meg glad og stolt, og eg er overbevist om at det vi gjer i Olden er riktig. Vi har mange gode planar for vidare utvikling. Dette er ei tilbakemelding ikkje berre til Olden, men til det Stryn kan tilby totalt sett. Ein kan lese av tilbakemeldingane at både Loen og nasjonalparksenteret i Oppstryn er populære. Eg vil og rose alle som jobbar med cruise for at dei leverer gode produkt. Resultatet kan og sjåast som eit argument mot kritikken om at at Olden har eit  uestetisk uttrykk, seier Flo.

Sølve Oldeide frå Nordfjord Hamn IKS og ordførar Sven Flo, her ved opninga av den nye tenderbryggja i Loen. Foto: Thomas Thaule
Turistane sjølve kåra Olden til den beste cruisedestinasjonen i landet. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth