Etter at vegen over Utvikfjellet vart stengt som følge av flaumenhar næringslivet fått kjenne på dårlegare omsetjing. Mangebedrifter er heilt avhengige av turismen for å gå rundt.

– Vi har merka ein kraftig nedgang i salet etter at Utvikfjellet vart stengt. Vi låg an til rekordsommar, men no ser det ut til at vi vil tape mellom fem og seks millionar i omsetjing fram til vegen blir opna igjen, seier dagleg leiar i Skogstad Sport AS, Henning Skogstad.

Vurderer nedbemanning

– Sommaren er den viktigaste tida for oss, og no tapar vi omtrent ein million krone ri omsetjing i veka. Eg håpar vegen raskast mogleg blir opna for personbilar, då det er turistar på gjennomreise i personbil vi butikkane er mest avhengige av. Vi må mest sannsynleg begynne med nedbemanning snart, seier Henning Skogstad.

Avhengig av turistar

Dagleg leiar i Kafé Go´beten i Innvik, Trude Presthus, håpar at evalueringa av kva som må utbetrast blir gjort fortast mogleg. Ho håpar og at vegvesenet kjem i gang med arbeidet snarast.

– Alle turistane er vekk, og vi er heilt avhengige av dei for at kafeén skal gå rundt. Vi har korta ned på opningstidene og innkjøpa, og nedbemanna deretter, seier ho.

– Dersom det hadde vore mogleg å få opp midlertidige løysningar i turistsesongen hadde det hjelpt næringslivet enormt. Dette er den viktigaste delen av året for oss som no går tapt, seier ho.

– Vi forstår godt at det kan ta lang tid, men for vår del hadde det vore positivt om dei tidlegast mogleg kom i gang med å setje vegen i stand, seier Presthus til Fjordingen.

Får inn arbeidsfolk

Dagleg leiar i Innvik Fjordhotell Misjonsheimen, Anna Marie Skogli Vatnamo kan fortelje at dei har fått inn eit par avbestillingar, men at dei også har fått nye som følge av at arbeiderane som jobbar med opprydninga leiger rom hos dei. – Dei fleste turistane kjem, når dei først har bestillt, og køyrer heller omvegen. Men, mange av dei er litt småsure på grunn av den ekstra reisetida, fortel Vatnamo.

Også Per Briksdal ved Briksdalsbre Fjellstove merkar konsekvensane.

– Vi har merka nedgangen nokså mykje, og held det fram slik må vi tilpasse bemanninga, seier Briksdal. Også han håpar på ei snarleg løysing på fv 60.