Laurdag om knappe to veker er det klart for den 16. utgåva av motbakkeløpet Skåla opp. Løpsleiar Erik Brendefur augnar håp om ny deltakarrekord dersom vêret spelar på lag.

- Deltakarrekorden på 1.935 fullførande kan stå for fall i år,allereie to veker før arrangementet er det 1.300 personar som harmeldt sin ankomst, seier han i ei pressemelding.

Som vanleg er det ei rekkje internasjonale toppløparar som vil prege arrangementet. Mellom desse finn vi svenske Emelie Forsberg, løparparet Antonella ogJonathan Wyatt, spanske Laura Orgue og Joan Freixa og sveitsiskeDavid Schneider. Også begge fjorårsvinnarane stiller på startstreken 19. august, amerikanske Annie Bersagel og norske Stian Angermund-Vik.

Av andre nordmenn som kan hevde seg heilt i tetsjiktet nemner vi  europameisterEli Anne Dvergsdal, europameister Johan Bugge, dei unge og lovande Karoline Holsen Kyte og Stian Øvergaard Aarvik, veteranane Kirsten MarathonMelkevik og Kristen Skjeldal og løyperekordhaldar Anita HåkenstadEvertsen.

Skulle løyperekorden ryke vankar rekordpremie på 120.000 kroner. Rekorden er frå 2012 sett av Ahmet Arslan og lyd på 1.07.06.