Påmeldinga til årets Skåla opp lovar godt knappe to veker før. I fjor var det ei redusert utgåve av motbakkeløpet, då målgang måtte leggast til Skålavatnet grunna snø på toppen.
(Foto: Roger Oldeide)

Påmeldinga til årets Skåla opp lovar godt knappe to veker før. I fjor var det ei redusert utgåve av motbakkeløpet, då målgang måtte leggast til Skålavatnet grunna snø på toppen. Foto: Roger Oldeide

13 dagar att til Skåla Opp

- Har håp om ny deltakarrekord

Laurdag om knappe to veker er det klart for den 16. utgåva av motbakkeløpet Skåla opp. Løpsleiar Erik Brendefur augnar håp om ny deltakarrekord dersom vêret spelar på lag.

- Deltakarrekorden på 1.935 fullførande kan stå for fall i år, allereie to veker før arrangementet er det 1.300 personar som har meldt sin ankomst, seier han i ei pressemelding.

Som vanleg er det ei rekkje internasjonale toppløparar som vil prege arrangementet. Mellom desse finn vi svenske Emelie Forsberg, løparparet Antonella og Jonathan Wyatt, spanske Laura Orgue og Joan Freixa og sveitsiske David Schneider. Også begge fjorårsvinnarane stiller på startstreken 19. august, amerikanske Annie Bersagel og norske Stian Angermund-Vik.

Av andre nordmenn som kan hevde seg heilt i tetsjiktet nemner vi  europameister Eli Anne Dvergsdal, europameister Johan Bugge, dei unge og lovande Karoline Holsen Kyte og Stian Øvergaard Aarvik, veteranane Kirsten Marathon Melkevik og Kristen Skjeldal og løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen. 

Skulle løyperekorden ryke vankar rekordpremie på 120.000 kroner. Rekorden er frå 2012 sett av Ahmet Arslan og lyd på 1.07.06.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Utvik:

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Vil kjøpe dette bygget

Drivar av "Løvland - spiseri og pub" vil ekspandere på Grodås

Ny rapport viser at komande vegprosjekt i NTP kan ryke:

Fleire vegprosjekt trua av enorm kostnadsauke

Forsikringsselskap besøkte Utvik

- 40 skadeforhold så langt