Måndag kveld og natt til tysdag må vegvesenet stengje vegen ved Sandnes i Oldedalen, for å gjennomføre nødvendig reparasjon etter flaumskade førre måndag.

– Dette skjedde samtidig med flaumen i Utvik. Ei stikkrenne gjekk tett, og vatn og stein flauma over vegen. No skal vi byte ut stikkrenna og må stengje vegen for å få gjort arbeidet, seier Vidar Solheim i Statens vegvesen.