Onsdag morgon vert det opna for regulert gjennomkøyring gjennom Utvik.

– Det vil bli ei ordning med fire gjennomkøyringar dagleg, med ledebil og for køyretøy opp til 3,5 tonn. Det opplyser Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen til Fjordingen.

Vegen som vert opna går på delvis privat og kommunal veg gjennom Hage. Vegvesenet gjennom innleigd entreprenør har bygd opp anleggsveg der fylkesveg 60 mellom dei to bruene vart vaska vekk av den kraftige flaumen 24. juli.

Opp til 3,5 tonn

– Dette er ein første fase, så vil vi heile tida gjere vurderingar om vi kan sleppe på meir. Vi forstår næringslivet sitt behov, men samtidig må vi vere sikre på forsvarlege forhold både for trafikken og anleggsarbeidet. Samtidig med at vi opnar opp for regulert gjennomkøyring vil det pågå stor anleggstrafikk med oppattbygging av ny veg, elveførebygging og anna aktivitet som følgje av flaumskadane, seier Finden.

Trafikken vert i første omgang opna for bilar opp til 3,5 tonn.

– Det betyr at bubilar under 3,5 tonn får sleppe gjennom. Det same gjeld bilar med campingvogn. Skulle vi sleppe opp for fri gjennomkøyring, ville trafikkmengda bli så stor at det fort ville byggje seg opp meir enn to kilometer kø med det trafikkvolum vi har på denne tida av året. Det har ikkje vegen eller området kapasitet til, seier Finden.

Vegen vil bli opna for gjennomkøyring morgon, føremiddag, ettermiddag og kveld, alle med timesbolkar.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier kommunen har øvd påtrykk for å få til ei løysing. Han er glad over at vegen vert opna for regulert gjennomkøyring, men seier til Fjordingen at han ønskjer meir.

– Vi har gitt tilbakemelding på dei konsekvensar vegstenginga har gitt for næringslivet vårt, og vore tydelege på dei samfunnsøkonomiske konsekvensane. Difor har vi oppmoda om snarleg løysing for å setje på trafikk, seier Sven Flo.

Han er klar over dei utfordringar vegvesenet skisserer i å få sett på permanent gjennomgangstrafikk, men seier det parallellt med regulert gjennomkøyring vert arbeidd vidare for ei permanent løysing.

– Vi har og spurt om ei mellombels baileybru, men fått svar om at dette ikkje er tenleg. Det er viktig å få fram at grunneigarane har vore veldig positive for å få til løysing med gjennomkøyring, seier Flo.

Anleggsområde: Arbeidet på den flaumskadde fv 60 vil pågå parallellt med regulert trafikkavvikling. Foto: Statens vegvesen