Årets høgdepunkt for ein 4H-ar er å reise på leir. I år gjekk turen til Østfold og Kalnes VGS, der over 1250 ungdommar frå heile Norden samlast til ei draumeveke.

Her var nesten 80 deltakarar frå Sogn og Fjordane med på ei reise på 1000 år, frå vikingtida til framtida!

Allsidig program

Programmet bestod av mellom anna vikingdag, vitskapsdag, volleyballturnering, aktivitetar, turar, speed dating, førstehjelpskurs, science-show og rockabilly-kveld.

– Vi får oppleve så mange nye ting når vi reiser på leir! Ein inkluderande fellesskap, kjekke aktivitetar som klatring og hip hop og god stemning om kveldane.

Det å få vere publikum på «Allsang på Grensen» er eit høgdepunkt, smiler Stella Birthe Poland (16) frå Hornindal.

Høgdepunkt: – Leirområdet er kjempefint, og stemninga er fantastisk. Storleir med 4H er sommarens høgdepunkt! seier Stella Birthe Poland frå Hornindal. Foto: Eirik Førde, SFJ4H

Allsong og tevlingar

Mottoet til 4H er «å lære ved å gjere», og det fekk dei prøvd seg på under leiren.

Øksekast og bogeskyting, volleyball og rævkrok, og kunnskap og flørting er ferdigheiter som vart testa. Song-

stemma vart òg sett på prøve med fengjande konsertar på leirområdet, i tillegg til ein tur til Halden for å vere publikum på «Allsang på Grensen».

Minne for livet

Det å samlast i lag om sommaren og treffe gamle og nye vener frå heile landet er utruleg kjekt.

Når ein då i tillegg får moglegheita til å bli kjend med 4H-arar frå mellom anna Sverige, Finland, Danmark og Asia, vert leiren til eit minne for livet.