Bremseskive: Bildet viser delene av ei bremseskive som har gått i oppløysing på veg ned mot Skåre. – Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra feilen med bremsane, og at det ikkje held fram å køyre rundt på vegane med 50 passasjerar eller 50 tonn last! seier overingeniør Svein ARne Henjesand i Statens vegvesen. 
            (Foto: Statens vegvesen)

Bremseskive: Bildet viser delene av ei bremseskive som har gått i oppløysing på veg ned mot Skåre. – Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra feilen med bremsane, og at det ikkje held fram å køyre rundt på vegane med 50 passasjerar eller 50 tonn last! seier overingeniør Svein ARne Henjesand i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen

Bremseskiva rauk på veg ned frå fjellet

I svingane på rv 15 ned mot Skåre dukkar det stadig opp deler frå bremseanlegg på tyngre køyretøy, opplyser Statens vegvesen.

– Då vi hadde kontroll i Skårebakken i Hjelledalen tysdag kom ein av bebuarane på Skåre med deler frå ei bremseskive på eit tyngre køyretøy, fortel Svein Arne Henjesand, overingeninør i Statens vegvesen.

Delene var funne i vegen litt lenger nede i bakken sist veke, og i følgje Henjesand skjer det stadig at bitar frå bremseanlegg på tyngre køyretøy er å finne i vegen i området.

På det vedlagte bildet frå Henjesand ser ein deler av bremseskiva.

– Denne har gått i oppløysing på veg ned frå Strynefjellet, seier Henjesand.

Han seier at slike funn av bremsedeler viser at kontrollane er svært viktige for trafikksikkerheita, og vegvesenet har svært stort fokus på å luke slike farlege køyretøy ut av trafikken.

– Diverre fangar vi kkje opp alle, seier Henjesand.

– Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra feilen med bremsane, og at det ikkje held fram å køyre rundt på vegane med 50 passasjerar eller 50 tonn last!

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

VIDEO: Fv 722 Veslebygda–Flo

– Tunnelen vil gi slutt på engstelsen

Sambygdingane Brynjar Flo og Kolbein Fridtun har jobba for tunnel til Flo i eit tiår. Bli med dei på den skredutsette vegen som dei køyrer dagleg, heile året.

Ein femdel av NRK-lyttarane borte på eitt år

NRK har mista kvar femte daglege radiolyttar sidan FM-sløkkinga starta. Onsdag blir nettet stengt for godt for riksdekkjande kanalar.

Dagens leiarartikkel

Mørk hovudgate

Strynerådmannen kommenterer Hornindal kommune sine innspel

Rådmann Rune Hovde kommenterer i eit brev Hornindal kommune sine tilleggsopplysingar vedrørande grensejustering Kjøs krins.

Fjordingen for 10 år sidan:

Sentrumsrevy for full sal

«Såmannen» på plass

Vil busette 10 flyktningar i 2018

Rådmannen har tilrådd å busetje 10 flyktningar i Stryn kommune i 2018.