I sommar har Fjordingen også kunne tilby lesarane øyreføde gjennom podcast-serien Fjordingen på Flo skue.

Sju kjende og litt mindre kjende personar frå lokalmiljøet har vore med journalist Roy Aron Myklebust til utkikspunktet Flo skue. Der har dei prata om laust og fast, og resultatet er altså radiointervju som er gjort tilgjengeleg her på nettsida og på iTunes. Ein nedkorta versjon har også fått plass i papirutgåva veka etter.

Denne serien vart avslutta fredag og under finn du lenke til dei sju sommarpratane om du enno ikkje har fått dei med deg:

Fjordingen på Flo skue