Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 6,2 millionar kroner ekstra til TT-reiser (tilrettelagt transport) til rullestolbrukarar og blinde/svaksynte. Det er Samferdsledepartementet som har fordelt midlar til ei utvida TT-ordning til tre fylkeskommunar i 2017. Fylkeskommunen fortel i ei pressemelding at dei no hentar inn opplysningar frå kommunane om kva brukarar som skal vere med i den utvida ordninga. Målet er at rullestolbrukarar og blinde/svaksynte i løpet av august skal få meir pengar til fritidsreiser på TT-kortet.