Fjordingen har fått fleire tips om at framande folk ringjer på dørene der born gjerne er åleine heime på dagtid. Det er og observert framande folk i nokre hagar i Stryn. Blant anna på Visnes. Uroen går blant anna på om dette kan vere rekognosering med tanke på framtidige kriminelle handlingar.

- Vi har fått telefon frå foreldre på Visnes som fortel at framande tiggarar har ringt på dørene der born har vore heime åleine. Vi har søkt i området, men ikkje sett dei att. Politiet har ingen mistanke om at dette handlar om kriminelle handlingar eller førebuing til noko slikt. Men generelt må folk sjølvsagt ta kontakt med politiet om dei ser oppførsel eller handlingar dei reagerer på, seier politibetjent Vegard Dale til Fjordingen.