Om to veker vert det politiske diskusjonar på tusen meters høgde når Hoven er arena for NRK si valkampsending.

NRK startar neste veke valkampsendingane på TV. Først ut er partileiardebatten i Arendal. Men veka etter går turen til Loen og Hoven.

– Det blir kjempegøy. Dette blir den vakraste og råaste plassen for valsendingane, seier Ingunn Solheim. Ho skal vere ein av programleiarane.

– Så får vi håpe på fint vêr. Det er kanskje største bekymringa, seier ho.

La sjølv fram idéen

Og Solheim føler nok litt ekstra på at TV-bilda må bli så spektakulære som ho håpar på. Det var nemleg ho som la fram idéen om valkampsending frå fjelltoppen i Loen. Skjønt tipset fekk ho av ein NRK-kollega i Førde.

– Eg møtte på Stian Sjursen Takle på eit fjell i påska og spurte då om han hadde ein god idé til kvar vi kunne legge ei slik sending. Han føreslo Hoven, og eg la det fram for folk her nede. Sendinga er også i tett samarbeid med NRK Sogn og Fjordane, seier ho.

At Solheim ivra litt ekstra for å få til sending frå Hoven er kanskje ikkje så rart. Ho budde dei seks første åra i Innvik og har eit nært forhold til denne delen av fylket.

– Det blir litt som å kome til heimlege trakter, seier journalisten, som hadde resten av oppveksten i Førde.

Skal diskutere distriktspolitikk

Sendinga om knappe to veker blir hennar første tur til Hoven.

– Eg gler meg. Eg burde sjølvsagt helst tatt Via ferrataen opp, seier Solheim.

Det er ikkje klart enno kva politikarar som stiller på fjelltoppen, men det blir ein miks av stortingspolitikarar og folk som på ulike vis er råka av den politikken som vert ført. Eit overordna tema blir by og land, der ein truleg skal innom distrikts- og landbrukspolitikk, turisme og politireform.

Solheim håpar den klare og gode fjellufta skal ha positiv innverknad på debatten.

– Visst ikkje dei vakre omgjevnadane bidreg til at politikarane blir svulstige då, ler Solheim.

– Er det krevjande sendingar?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Eg brukar alltid tenkje at eg er nok mindre nervøs enn politikarane. Det er mindre som står på spel samanlikna med dei.

– Kunne du tenkje deg å vere politikar?

– Nei, kjem det kontant frå Solheim.

– Eg trur eg skal halde meg til å vere journalist og programleiar. Det er nok alle best tente med, smiler ho.