Stryn Ping Pong Club søkjer også i år om løyve til at det blir servert smaksprøver av øl under Oktoberfesten i Stryn i september.

SPPC har sidan 2014 arrangert ølbryggjekonkurranse under Oktoberfesten, og i fjor vart det for første gong gjeve løyve til å servere smaksprøver til publikum.

– Dette vart ein kjempesuksess. Vi ønskjer på nytt å få gjennomføre å tilby smaksprøver til publikum ved Oktoberfesten i 2017, skriv Arve Aaning og Svein Olav N. Solum frå SPPC i søknaden til Stryn kommune.

SPPC fortel at føresetnadane er dei same som i fjor. Det vil seie eige telt med 18-årsgrense, vakter både inne i teltet og ved teltinngangen, ingen tilgang til kommersiell, alkoholhaldig drikke inne i teltet og ikkje noko økonomisk vederlag til dei lokale bryggjarane for utstillinga.

Heimebryggjarane vil berre ta med seg 5 l alkohol til teltet, og av dette skal publikum få smake av små glas som tek ca 2 dl. Publikum skal gje karakter på ølet, slik at det kan kårast ein vinnar av publikumsprisen.

I 2016 var det heile 21 lokale ølprodusentar som deltok i tevlinga, opplyser Stryn Ping Pong Club i søknaden.