Frå tevlinga i 2015:  Frå venstre: Arve Aaning frå SPPC, Per Olav Berglid, Andreas Sunde, Lasse Sunde, Isak Fotland Fænn, vinnarane Tomas Gjerde og Frode Myrold, Tadas Kanopka frå juryen, Rune Pedersen, Marit Nordheim Otterdal frå juryen, Jan Heggheim frå juryen og Svein Solum frå SPPC. Foto: Anne-MAri Aalberg
            (Foto: Anne- Mari Aalberg)

Frå tevlinga i 2015: Frå venstre: Arve Aaning frå SPPC, Per Olav Berglid, Andreas Sunde, Lasse Sunde, Isak Fotland Fænn, vinnarane Tomas Gjerde og Frode Myrold, Tadas Kanopka frå juryen, Rune Pedersen, Marit Nordheim Otterdal frå juryen, Jan Heggheim frå juryen og Svein Solum frå SPPC. Foto: Anne-MAri AalbergFoto: Anne- Mari Aalberg

Søkjer om å få servere smaksprøver av øl

Stryn Ping Pong Club søkjer også i år om løyve til at det blir servert smaksprøver av øl under Oktoberfesten i Stryn i september.

SPPC har sidan 2014 arrangert ølbryggjekonkurranse under Oktoberfesten, og i fjor vart det for første gong gjeve løyve til å servere smaksprøver til publikum.

– Dette vart ein kjempesuksess. Vi ønskjer på nytt å få gjennomføre å tilby smaksprøver til publikum ved Oktoberfesten i 2017, skriv Arve Aaning og Svein Olav N. Solum frå SPPC i søknaden til Stryn kommune.

SPPC fortel at føresetnadane er dei same som i fjor. Det vil seie eige telt med 18-årsgrense, vakter både inne i teltet og ved teltinngangen, ingen tilgang til kommersiell, alkoholhaldig drikke inne i teltet og ikkje noko økonomisk vederlag til dei lokale bryggjarane for utstillinga.

Heimebryggjarane vil berre ta med seg 5 l alkohol til teltet, og av dette skal publikum få smake av små glas som tek ca 2 dl. Publikum skal gje karakter på ølet, slik at det kan kårast ein vinnar av publikumsprisen.

I 2016 var det heile 21 lokale ølprodusentar som deltok i tevlinga, opplyser Stryn Ping Pong Club i søknaden.

Meir å lese på Fjordingen:

Følg med på kjøp og sal der du bur

Få oversikt over kva eigedomar som er kjøpte og selde i Stryn og Hornindal. Dette er eit tilbod til dei som abonnerer på Fjordingen. Kartet gir oversikt over kjøp og sal av eigedom for dei siste 30 dagane.

Operaen «Sildagapet» gjekk for smekkfulle hus:

– Hjartevarmande respons!

Søndag er det klart for TV-aksjonen

Verdas største dugnad