Stryn hadde særs få problem med å setje Bremanger på plass i Kretsligakampen i fotball laurdag. Heile 6-0 stod det til Vegard Sæten Hopland og co då dommaren bles av kampen på Bremanger stadion. Ved halvtid stod det 3-0.

Og nettopp Vegard Sæten Hopland kunne glise ekstra breitt ved kampslutt. Stryn sin kaptein, som i dei siste kampane har spelt spiss, stod for tre av Stryn sine scoringar. Øvrige mål vart sett inn av Jonas Denk, Erling Myklebust og toppscorar Mads Wie.

At Bremanger sin keeper vart kåra til heimelaget sin beste spelar etter å ha plukka seks ballar ut av eige nett fortel det meste om styrkeforholdet i kampen.

- Solid defensivt, god bevegelse og rytme i angrepsspelet, var trenar Johann Sigurdsson sin umiddelbare kommentar etter kampen.

- Tre poeng på ein god dag både framover og bakover, supplerte tremålscorar Sæten Hopland.

Meir om Stryn sin storsiger i papiravisa.