– Det er ein film om venskap mellom to menneske frå to forskjellige planetar. Den viser at folk frå ulike land, i ulik alder og med annleis livserfaring kan bli nære vener, seier filmskapar Weronika Nitsch.

Ekte menneske

Sunde er ifølge seg sjølv ikkje komfortabel framom kamera, men i Nitsch sine auge er dette noko som tilfører filmen ektheit.

– Bjarne har gjort ein glimrande rolle, han er så fin på film at eg manglar ord, legg Nitsch til.

– Dei augeblinkane folk responderte mest på under filmvisninga, var når eg banna. Eg ville jo eigentleg at det skulle klippast vekk, men Weronika insisterte på at det måtte vere med, seier Sunde lattermildt.

– Det var ein tilvenningsprosess og vere framfor kamera, legg han til.

Dei to har vore naboar i ei årrekkje, og har ifølge Nitsch blitt som familie for kvarandre. Ho flytta til Oldedalen på grunn av at ho fekk sommarjobb der for nokre år sidan. Nitsch har studert dokumentar og journalistikk i Volda, og fotografi og film i Cardiff det siste halvåret.

Ein film med fleire lag

Filmen fekk mykje gode tilbakemeldingar på nærkulturfestivalen «Gullroten». Fleire fortalde at filmen trefte dei midt i hjartet, ifølge Nitsch.

– Den har fleire lag, og er både morosam og alvorleg, forklarar ho.

Sunde har 35 sauer, og jobbar i tillegg som sjåfør for Oldedalen skysslag i turistsesongen.

– Folk er med på mange arrangement i Oldedalen, men har mindre tid til å besøke kvarandre enn før, seier han.

– Eg ville vise gjennom filmen at vi må bli betre å ta vare på kvarandre, lytte, og ta oss tid til å bli kjende med kvarandre, legg Nitsch til.

Kortreist tematikk

– Ein treng ikkje reise langt for å finne motiv og karakterar til filmane sine. Bjarne er ein svært fin person, som inspirerte meg til å lage dokumentarane. Han har ein utruleg personlegdom, og eg ønska å vise alle i Oldedalen kor unik og fin han er, seier Nitsch.

Ein siste takk

Filmpremieren på «Gullroten» var ein siste takk frå Nitsch til bygda. Ho skal til hausten begynne å jobbe i Sogndal som filmlærar på medielinja. Filmskaparane vil no prøve å få filmen vist på ein del filmfestivalar etter at fargekorrigering og teksting på engelsk er gjennomført, fortel Nitsch.

Ho vil også takke arrangørane Dag Indrebø, Dagis Mykløen og heile familien Mykløen for at dei har jobba dag og natt med å sette i stand nærkulturfestivalen «Gullroten». Ho legg og til at filmen ikkje hadde blitt til utan god hjelp frå venner og kjente.

– Alexander Vollevik Larsen har gjort eit meisterverk med klippinga og komponering av utruleg vakker musikk til filmen. Vi har også samarbeida om manuset. Dag Indrebø har filma med drone og tatt ekstra bilete. I tillegg strålar Bjarne ut ein ektheit og naturleg sjarm, som mange filmstjerner kan misunne han, avsluttar Weronika Nitsch.

Weronika (t.h.) har budd på Yri i Oldedalen i fleire år, her med Lillian Mykløen, som ifølge Nitsch har gjort ein kjempeinnsats med å få til «Gullroten»-festivalen. Foto: Dag Indrebø
Raud løpar: Filmen hadde premiere på nærkulturfestivalen «Gullroten» foto: Arly dale Foto: Arly Dale
Nitsch beskriver filmen som ein med fleire lag. – Den er både morosam, men samtidig alvorstung til tider, forklarar ho. Foto: Weronika Nitsch
Bjarne sender brev heim frå London. Foto: Weronika Nitsch
Filmen var eit av dei store høgdepunkta på "Gullroten" førre helg. Foto: Arly Dale