– Vi har jobba mykje med «touch direction», og prøvar no å implementere det i ein treningskamp. Når spelarane er ute på bana prøvar dei å bruke den første berøringa til å dempe ballen i ei retning som gir dei ein strategisk fordel, i staden for å berre dempe ballen, for så å bestemme seg for kva dei skal gjere med den, fortel trenaren. Det er den siste dagen på treningsleiren, og spelarane implementerar alt dei har lært i treningskampar.

– Ein del av jentespelarane her har svært god teknikk og høg kompetanse på å ta avgjersler under stress. Eg vil seie at Sogn og Fjordane, saman med Rogaland, har dei beste jentespelarane i landet, seier Douglas.

– VI jobbar mykje med spelarane på kva dei kan bli betre på individuelt sett. Eg ønsker at alle skal få med seg ei skreddarsydd «heimelekse» herifrå, slik at dei veit kva dei må jobbe med for å bli betre, seier han.

Viktig å sjå alle individa i laget

Douglas var mellom anna med på å arrangere seminar for trenarar på «proffveka», og har ein klar beskjed til trenarane der ute.

– Det er svært viktig at trenarar seg kvar enkelt spelar som individ. Eit vanleg feil eg ofte ser er at trenarar delar spelarane opp i «Gode» og «mindre» gode spelarar på trening og gir meir merksemd til dei som er best her og no. Dette gjer kanskje jobben enklare for trenaren, men ein verkeleg god trenar må sjå kvar enkelt spelar, og kva dei kan bli betre til. Visst ein ikkje klarar dette, så har ein ingenting å gjere som trenar, hevdar Douglas.

Unikt tilbod og miljø

– Folk frå Stryn har ei uredd haldning til utfordringar, både når det kjem til fotball og næringsliv. Trua på at ein kan få til store ting, sjølv i ei lita bygd, er det som gjer at denne fotballskulen er den einaste av sitt slag i fylket.

Meir tolmodig spelarutvikling

– Større tolmod er eit av dei positive aspekta ved spelarutviklinga i Sogn og Fjordane. I byane er det for stort fokus på å gjere spelaren gode raskast mogleg, utan å tenke langsiktig. Spelarane på dei mindre stadane lærer ting i rolegare tempo, og tar derfor til seg meir av lærdommen. Dette gjer dei til betre spelarar som vaksne, hevdar Douglas.

Brad Douglas Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Proffveka Stryn har eit s vært godt tilbod til keeperane. Trenarane er henta inn frå ungdomsakademia til Manchester City og Liverpool. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth