– Så vidt eg veit har ikkje denne laksen vert observert i elva her før. Det har i år vert eit stort innslag av pukkelaksen i Noreg og det har også kome meldingar om pukkellaks i både Danmark og Skottland, seier fiskeoppsynsmann i Olden elva, Kåre Bruvoll Alme til Fjordingen.

– Det har fram til no blitt fanga fem pukkellaks av både han og hokjønn med både rogn og mjølk i, noko som betyr at laksen er kjønnsmoden og klar for å gyte i elva. Alle har vert mellom 1 og 1.5 kilo, seier Alme.

– Det er usikkert kva påverknad denne laksen vil ha på elvane. Den største bekymringa vi har er at pukkellaksen i verste fall skal fortrenge dei lokale sjøaurestammane og den ville atlanterhavslaksen vi jobbar med å byggje opp og styrke, seier Alme.

Ein kvar i Stryn og Loen

Sjølv om det er ein uønska art er ikkje elveeigarane i dei tre elvane redde for at pukkellaksen vil forstyrre fisket.

– Det vart tatt ein pukkellaks i forgårs. Vi er ikkje særleg bekymra. Det er ikkje påvist at han gjer noko skade. Rasen er betydeleg mindre enn villaksen, og vil bli jaga vekk om han forstyrrar gytinga deira, seier Knut Løvdal Stauri i Stryn Elveeigarlag.

– Det er tidleg å seie om han utgjer eit problem, men det er ein uønska art, og vi treng ikkje fleire problem i tillegg til lakselusa, seier Håkon Loen i Loen elveeigarlag.

– Sjølv om det er ein svartelista art, så gjer han ikkje nødvendigvis noko skade. Så vidt eg veit gytar han tidlegare enn villaksen og sjøaura, og utgjer derfor ikkje noko forstyrrande element for dei, seier Anders Bruvoll i Olden elveeigarlag.

Svær invasjon i Nord

I Nord-Norge melder NRK om meir dramatiske scener. I Vesterelva inst i Varangerfjorden i Finnmark vart det denne veka tatt opp rundt 600 pukkellaksar med garn.

Seksjonssjef hos miljøverndirektoratet i Møre og Romsdal uttalte tidlegare i veka til NRK Møre og Romsdal at den svartelista arten utgjer ein trussel på andre område enn gyting.

– Hos pukkellaksen dør alle etter gyting, dette kan føre til meir sopp på vår laks og sjøaure, og ein del sjukdommar kan overførast frå den døde fisken som ligg i elva, seier Eikeland til NRK.

Arten er på same måte som kongekrabba sett ut av russarar, og høyrer eigentleg ikkje heime i våre havområde. Det er eigentleg ein stillehavsfisk

Anders Bruvoll i Olden elveeigarlag peikar på at det enda ikkje er påvist at pukkelaksen skadar gytinga til villaksen. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth