Stryn møter i ettermiddag Bremanger på bortebane i den 13. serierunden i Kretsligaen. På papiret bør det vere grei skuring.

Bremanger ligg på åttande plass med 15 poeng, medan Stryn har teke nesten det doble og leier tabellen klart med sine 29 poeng. Sogndal 2 har klatra til andreplass, fem poeng bak Stryn.

Elles bør ein kunne forvente litt mål også i denne kampen. Stryn har i år scora i snitt 3,1 mål per kamp. Toppscorar er som dei føregåande åra Mads Wie, han har 14 nettkjenningar så langt.