Trine Lillestøl Paulsen og hesten Fannemels Argon har gjort det igjen: Dei er beste sprangekvipasjen i landet for fjordhest.

Trine Lillestøl Paulsen frå Hornindal har gjort seg bemerka i meisterskap i fleire år med Fannemels Argon. Ho har tre NM-gull i lagkonkurranse og har vunne greinmeisterskap i sprang to gongar. Ho kom også nyleg heim frå EM for fjordhest i Danmark med bronsemedalje.

– Men at vi skulle klare å ta sigeren i greinmeisterskapen i sprang i år igjen trudde ikkje då vi rei første avdeling, og i alle fall ikkje etterpå! seier Trine til Fjordingen.

– Etter to veker på stemne var både eg og Argon byrja å merke det og bli litt slitne. Dette viste igjen under første avdeling på fredagen.

Vurderte å trekkje seg

Fredagen greidde ikkje Trine og Argon å prestere på same nivå som dei har gjort tidlegare. Resultatet var midt på treet, og Trine var i tvil om det var rett å halde fram.

– Laurdag bestemte eg meg for å sjå an korleis hesten var, og om eg eventuelt skulle trekke meg frå dagens konkurranse om han ikkje verka fin. Det er trass alt hesten som er det viktigaste oppi det heile, seier Trine.

Men denne dagen var hesten kvikkare og meir lik seg sjølv.

– Vi starta i éi klasse før den avgjerande sprangklassen, og Argon vart berre betre og betre utover i bana. Då bestemte eg meg for å gjere så godt eg berre kunne i den avgjerande klassen, fortel Trine.

Den siste bana var lang og underlaget noko glatt og tungt på grunn av regnet. Men Argon takla underlaget strålande, og dei gjekk gjennom bana utan feil, som einaste ekvipasje.

Dermed vart det siger både i klassen og greinmeisterskapen i sprang under årets NM for fjordhest for Trine og Argon.

- Å halde hesten motivert er noko av det viktigaste eg gjer, seier Trine, som aller helst likar å vere på tur i skog og mark med den meritterte hesten frå Fannemel i Hornindal.

– Korleis greidde de dette etter ein slik start?

– At vi klarte å hente oss så godt inn igjen og toppe resultatlista skuldast nok at vi etter kvart har god rutine, og at Argon har ei enorm vilje og likar det vi driv med, seier Trine Lillestøl Paulsen, som nyttar naturen som den viktigaste treningsarenaen:

– Å halde hesten motivert er noko av det viktigaste eg gjer når vi trenar, og dette trur eg at eg får mykje igjen for. Det er sjølvsagt naudsynt med trening på bane for å halde hesten smidig og trene på teknikk og liknande, samt hoppe litt innimellom, men mest av alt så er vi å finne ute på tur i skog og mark. Å trene på denne måten verkar til å fungere godt på Argon då han er både fornøgd og skadefri.

Under NM vert det delt ut gull, sølv og bronse samanlagt for meisterskapen og dessutan kåra vinnarar i dei ulike greinene (greinmeisterskap)

NM-gull senior gjekk til Cassandre Bach-Gansmo/ Flemming, Oslo og AkershusFHL

NM junior vart vunne av Silje Indrebø/ Råds Gråa, Førde KRK