I campingvogn og spikertelt storkosar Leiv Aarflot og Anlaug Varvikhaug seg på Honndalen Hagecamp. Og ekteparet frå Fosnavåg er langt frå dei einaste møringane som gjere det.

- Her er det stort sett møringar frå Herøy, Ulsteinvik og Fosnavåg. Vi har vel eitt eller to par frå Måløy, seier Jan Erik Stokkeland, som driv hagecampen saman med kona Torunn Lødemel Stokkeland.

Ein runde rundt på campingplassen er som å vandre i ein liten landsby. Tvers gjennom går «hovudgata», og frå den går det avstikkarar ut til dei små hyttene som ligg tett i tett. Alle i same kvitfargen og med same storleiken, men utføringa av terrasse og hageflekk varierer og gir dei såleis eit særpreg. Nokre har lagt flid i blomar, andre har pynta opp med ulike hagegjenstandar -både kjøpt og sjølvlaga, medan andre har lagt mest arbeid i inngjerding og utsmykking av terrassen.

Storstilt utbygging

Det er fem år sidan ekteparet Aarflot og Varvikhaug fann sitt ferieparadis.

– Den gongen var det berre sju-åtte hytter her, seier Aarflot. I dag er samtlege av 75 plassar utleigde, og på dei aller fleste av desse er det kome opp hytte i tilknyting til vognene.

– Og så har vi veldig kjekke naboar, seier Aarflot, og peikar ut ei rekkje andre møringar i hyttene omkring.

Kun leige

Hos paret frå Fosnavåg er det oppussing på gong. Dei skal montere nytt kjøkken. Hytta kosta dei i overkant av 300.000 kroner då dei bygde for fem år sidan, ytterlegare investering i ferieplassen vitnar om trivsel. For det er trass alt berre ei tomt dei leiger.

– Vi likar oss så godt at vi vil ikkje heim att, smiler Varvikhaug.

– Men ein må vere sosialt anlagt for å vere ein slik plass, seier Aarflot.

Landsby: Honndalen Hagecamp ligg der som ein liten landsby, på flata langs elva mellom skulen og Ekornes-fabrikken på Grodås. Foto: Roy Aron Myklebust
Camp-sjef: Jan Erik Stokkeland driv Honndalen Hagecamp saman med kona Torunn Lødemel Stokkeland. Her frå «hovudgata», eller gangvegen, som går tvers gjennom campingen. Foto: Roy Aron Myklebust