Det gjekk aldeles supert, skodespelarane, orkester og koret fungerte utmerkande, seier Torstein Tvinnereim.

Det såg lenge ut til å bli ein våt premiere, men ut på kvelden titta sola fram og la ei trolsk stemning over dei fantastiske omgivelsane ved Sagedammen. Tvinnereim vart glad for at veiret kom seg, men meiner at veiret ikkje har så mykje å seie.

–Vi har øvd i regnveir heile veka, og har derfor ikkje noko problem med det. Så lenge publikum kler seg godt, og tar med noko å sitte på går det heilt fint, seier han.

- Området her fortenar ein musikal, og med den innsatsen dei involverte har lagt ned er det veldig kjekt at fleirefaldige hundre publikummarar møtte opp, seier Tvinnereim.

Siste forestilling i dag

Søndag kveld er siste sjanse til å få med seg musikalen for denne gong. Ikkje gløym å ta med regnkle, ull og noko å sitte på!

Anne Marta Vinsrygg Vadstein (t.h.) og Gina-Agathe Takle Tytingvåg sjarmerte publikum i portretteringa av venskap før i tida. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Isak Fotland Fænn spela godt i rolla som den noko spesielle Ole. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Helje Bagge vart spela av Jan Heggheim. «Eg drap ein mann. Ein far, ein son, ein ven», song Heggheim. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth