Komande søndag blir det ope for alle med sommartreff.

Liatunet har ein unik posisjon som eit av få komplette rekkjetun på Vestlandet. Her finn ein smie, eldhus, stabbur, nystove, hovudhus, fjøs og lade. Fleire av bygningane er frå 1700-talet. Men garden vart etablert allereie på slutten av 1500-talet.

– Dette er ein såkalla einbølt gard; den har berre eit matrikkelnummer og var berre eitt bruk. Det var kanskje litt av grunnen til at ein fekk behalde alle husa her. For då ein fekk utskiftinga på slutten av 1800-talet, og det berre var eit bruk, så trong heller ingen flytte ut, forklarar Dag Vanberg.

Dramatisk historie

Han er leiar for stiftinga som i dag eig Liatunet. Han har sidan gutedagane hatt eit nært forhold til garden og den siste som var busett her.

– Brita Lien var eit menneske som var lett å bli glad i. Ei klok dame som var kjekk å prate med, seier Vanberg. Ho døydde i 1998. Garden vart den gong gitt til Stryn kommune, før ein førte eigarskapen over til stiftinga i 2001.

At Vanberg kjenner gardshistoria godt levnast det lite tvil om, og når han fortel er det med stor innleving.

Og det er på mange måtar ei dramatisk historie. Om Heggdal-bøndene som opplevde det som ein inntrengar som kjøpte opp jorda på 1500-talet, inntrigar og ei slekt som etter mange generasjonar forsvann, endå meir dramatisk, då siste bonden hengde seg i 1899. Men garden vart kjøpt og vidareført, der Brita Lien var den siste, som enke etter Peder A. Lien.

Open gard

Heile denne historia, og om folket som har budd her, kan åleine vere verdt eit besøk når stiftinga inviterer til open gard komande søndag.

– Då legg vi opp til guiding, underhaldning, mat og så brukar vi ha eit handverk som folk kan lære seg, fortel Vanberg. Tidlegare har ein hatt aktivitetar som såpekoking, tjærebrenning og korgfletting.

– I år har vi kalla det frå sau til garn. Då blir det klipping, karing og spinning. Elles kjem Kjell Tvinnereim og spelar på sag, det blir sal av brød steikt i eldhuset, kaffi og sveler.

Vanberg passar på å trekke fram at Liatunet også vert gjort tilgjengeleg elles i året.

– Her kan ein leige til konfirmasjonar, bryllaup og selskap. Også overnatting, men det må gjerast i god tid, understrekar han.

Rekkjetun: Liatunet er eit av dei mest komplette og best bevarte rekkjetuna i landet. Fleire av bygningane er frå 1700- talet. Foto: Roy Aron Myklebust