Ferjetrafikken i fylket har 75 års jubileum. Første ferja her i fylket gjekk i sambandet Faleide – Innvik – Årholen (Holen). Ferja hadde ei levetid på fire år. Då var Innvik –Olden ferdig.

Dagsrekorden var 16 bilar. Då hadde Stryn Ungdomslag vore til Førde i bilar frå Stryn. Ferja var først privat, men fylkesbaatane tok over og det vart bygt bilkai i Holen. Ferjetida Innvik – Faleide var ein halv time og prisen ein veg ti kroner, fortalde Fjordingen ved opninga 20.juni 1932.

Odd.L Bøe og Rasmus Faleide hugsa godt ferja og kunne fortelje at første året var Rasmus Svarstad (Svarstadvikjen) som dreiv ferja. Det er framleis spor etter ferjeleie både i Innvik og på Faleide, og Magne Dragesæt kan vise ferjeplassen ved Hildanausta.

Etter at Olden – Innvik var opna prøvde Paul Svarstad og få i gang ferje Faleide – Innvik og veglause Blakset. Han tinga ferje hjå Skaaluren i Hardanger, men fylkebaatane sa nei. I staden vart ferja som fekk namnet «Sosnebben» sett inn i sambandet Volda – Folkestad. Ferja var seinare kjøpt av Ap og brukt til Utøya.