Som Fjordingen har omtala tidlegare skal det nye vassystemet gi 115 vassabonnentar på Nordsida i Stryn nytt, etterlengta drikkevatn.

– Om alt fungerer som det skal blir abonnentane kopla på langsmed i løpet av juni, sa prosjektingeniør Roy Cato Hopland til Fjordingen i mai, men enno er det mange som ikkje har fått vatn i kranane sine.

Tekniske problem og ventetid på delar skal vere årsaka.

– Vi har hatt utfordringar med reduksjonsventilar på anlegget og måtte ettermontere og bytte ventil i ein kum. Dette var ikkje deler som var på lager hos leverandør. Siste melding frå leverandør er at delane er sendt frå fabrikk, og vi håpar difor at delene er på anlegget i løpet av neste veke. Etter at delar er montert, og anlegget er sjekka ut med riktig innstilling, kan vi starte omkobling, seier prosjektleiar Hopland tysdag.

Anleggsleiar for hovudentreprenøren Vinsrygg Maskin, anslår at vatnet blir klart for påkpbling i september. Han legg til at dei store nedbørsmengdene i slutten av juli også skapte nokre problem.

– Vi jobbar for fullt med dette, seier Christian Vinsrygg.

Det omfattande vassystemet, som har ei kostnadsramme på over 25 millionar kroner, fraktar altså drikkevatnet opptil 2,5 mil frå vasskjelde til vasskran.

Det nye drikkevatnet frå Holvatnet før det reinsast i Stryn og blir ført vidare ut frå Faleide til Blakset via ein åtte kilometer lang sjøkabel. Vidare er vatnet ført opp frå Øyestad til den nye pumpestasjonen der og pumpa opp til den andre pumpestasjonen på Roset og vidare opp til høgdebassenget på Ulvedal.

Prosjektet er delvis samkøyrt med E-verket der pumpestasjonane deler bygg med nye trafostasjonar. Vassrøyra deler grøft med fiberkabel på delar av Nordsida.