Det var ei fullsett kyrkje i Utvik under folkemøtet onsdag kveld. Tema for møtet var mellom anna vegen vidare, bokstaveleg tala, for Utvik.

På plass i kyrkja var mellom andre NVE og Statens Vegvesen der sistnemnde kunne slå fast at dei straks vil opne for tungtransport, med leidebil, gjennom den flaumherja bygda.

Nær fullsett Folkemøtet vart heldt i Utvik kyrkje onsdag kveld etter initiativ av stryneordførar Sven Flo. Foto: Roger Oldeide

Per i dag er det turistbussar og lastebilar utan hengar som kan køyre gjennom.

- Det skal leggast ein del betongplater på vegen og ein sving må utbetrast, men så snart dette er klart skal vi kunne opne vegen for tungtransport. Truleg i løpet av eit par dagar, sa avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden til Fjordingen.

Opnar for tungstransport Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden kom med ei glamelding onsdag. Foto: Roger Oldeide

Frå måndag blir det nattope over Utvikfjellet med leidebil. Endeleg opning av vegen gjennom Utvik er framleis 20 september.

Rolf Olav Tenden, som representerer både sitt eige firma og Norges Lastebileigarfiorbund, oppmoda vegvesenet under eit møte onsdag om å gjere alle moglege vurderingar for å snarast få opna Utvik for all gjennomgangstrafikk.

Meir om folkemøtet onsdag kveld i fredagsavisa