Ordførar Sven Flo inviterte både fylkeskommunen administrativt og politisk, Statens vegvesen, NVE, næringsliv og transportbransjen til møte rundt same bord onsdag, der temaet var fv 60 gjennom Utvik.

Henning Skogstad i Skogstad Sport og Rolf Olav Tenden som representerte både sitt eige firma og Norges Lastebileigarfiorbund, oppmoda vegvesenet om å gjere alle mulige vurderingar for å få opna Utvik for all gjennomgangstrafikk. Breiddeutviding av omkøyringsvegen gjennom Hage vart lansert som ei mulig løysing. Kjell Arne Aurstad i Maskinentreprenørenes Forbund sa det var fullt mogleg å få opp ei mellombels bru ved sidan av den øydelagte i løpet av ei veke.

Verken vegvesenet, fylkeskommunen eller NVE ville gje klare løfte eller lovnader over bordet, men tok innspela med seg.

Alle rundt bordet gav likevel uttrykk for at dei jobbar for same mål; både å sikre Utvik og få opna vegen raskast mogleg.

Meir frå møtet i fredagsavisa.