Martine Lefdal frå Stryn er dagleg leiar på den førti meter lange superyachten «Riva Italia». Dei køyrer charterturar med firmafestar, bryllup og meir fornemme gjestar.

– Det mest givande med jobben er å yte god service til kundar. Det er heilt fantastisk å jobbe her, og spesielt når vi er heldige med veret. Men det er og ein veldig hektisk jobb, og i sommarsesongen blir det fort 18-timarsdagar, med lite søvn på auge, fortel Lefdal til Fjordingen. Yachten skil seg ut blant dei andre charterbåtane ved Oslofjorden.

– Båten har mykje treverk, og har generelt meir klasse og sjarm enn dei andre «fergene» og «partyskutene» som er ute. Vi appellerer derfor til ein anna type kundar.

– Vanlegvis køyrer vi fem-timarsturar på ettermiddag og kveld, kor vi serverer mat og drikke etter kunden sine ønske.

Vakse opp på havet

– Eg er vaksen opp med båt, og har vore på mange lange båtturar i sommarferiane gjennom oppveksten. På det meste var vi på tur i seks veker rundt kysten. Då faren min, John Olav Lefdal, kjøpte Riva Italia i januar i år, opna mulegheita seg for å drive charterturisme i tillegg til salskontor for Dreamline Yachts.

Marknadsføring langs kysten

I juli tok Martine med mannskap og båt på ein marknadsføringstur langs kysten. Målet var å komme seg til Nordfjordeid innan Malakoff Rockfestival starta.

– Det vart ein stor suksess, og vi såg at etterspørselen var stor. Vi vil derfor satse på å gjennomføre ein slik tur årleg, kor vi stoppar på ulike stadar langs kysten og tar oppdrag for dei som ønsker seg ei unik oppleving, seier Lefdal.

Sjeldan båt

Yachten vart bygd på bestilling frå prinsen i Brunei i 1961. Den var da den raskaste superyachten i verda. Den amerikanske marinen likte dette svært dårleg, og båten måtte nedplomberast i fart. No er det nyare motorar i båten, med marsjfart på 10 knop, og maksfart på 15, fortel Lefdal.

Backstageyacht på Malakoff

Karpe Diem, Sondre Justad og Kjartan Lauritzen var blant musikarane som nytta seg av båten under årets Malakoff Rockfestival. Dei sette stor pris på å mellom anna å få fange sine eigne krabber, få dei kokt og servert om bord i yachten, fortel Lefdal.

– Det er heilt fantastisk å jobbe her, men det er og ein hektisk jobb, seier dagleg leiar Martine Lefdal. Foto: Privat
Chirag frå Karpe Diem var blant kjendisane som brukte Riva Italia som «backstage» på Malakoff Rockfestival. Foto: Turid Lefdal