Kunstnaren Kristina Aas, busett i Utvik, er saman med kollega Karina Nøkleby teken ut til å delta på ei stor vandreutstilling i Europa neste år.

Tekstilkunstnarane Kristina Aas og Karina Nøkleby har siste to åra samarbeidd. Med jacquardvev, moderne teknologi blir nytta saman med tradisjonelle måtar å tenkje vevnad på, har dei vekt oppsikt.

Plukka ut blant 66 kunstnarar

Nyleg vart to av arbeida deira tekne ut til utstillinga Artapestry 5, ei vandreutstilling som skal besøkje Sverige, Danmark og Latvia i 2018. Ein internasjonal jury vurderte rundt 120 verk frå 66 kunstnarar før dei mellom anna plukka ut dei to verka til Kristina Aas og Karina Nøkleby til. Totalt kom 40 arbeid gjennom nålauget.

Det beste av gobelinkunst

Artapestry5 skal vise det beste av kunst innn gobelin (vevne bildeteppe).

– Men mindre enn 10 prosent av arbeida viser kunst som er nyskapande innan feltet. Jacquardvev er nettopp det. Ein brukar på ein måte gammal kunnskap om vev i kombinasjon med datateknologi, seier Kristina Aas til Fjordingen.

Tråd frå Innvik

Bilda Me and My Beard og Flay, er eigentleg to sjølvportrett.

– I serien har vi gjennomgåande brukt menneske og tråd i eit samspel, seier Kristina Aas.

Tråden kjem frå Innvik.

– Eg jobbar som designar ved Innvik AS. Her blir det av og til kassert materiale av ulike årsakar. Slike haugar med tråd er veldig fascinerande. Blir ein renning kassert, til dømes, så får du alle desse endane som blir kutta av. Det blir nesten organisk, som muskulatur, seier Kristina.

Veldig personleg

Då ho fekk ja frå leiinga ved Innvik AS til å bruke slik kassert tråd til kunstprosjekt, tok ho kontakt med kollega Karina og byrja å spinne idear rundt trådane. Ein dansar vart også dregen inn i prosjektet.

– Vi vart veldig engasjerte, og etter kvart vart det veldig personleg, seier Kristina.

Kollegaen, Karina Nøkleby, danderte til dømes tråden som bart, skjegg og i armhola.

– Det har vore veldig interessant å sjå reaksjonane, korleis forvandlinga gjorde ein del folk usikre, seier Kristina.

Kompromiss

I hennar eige sjølvportrett, Flay, er det flak skorne av ein kassert trådspole. Symbolikken handlar om frigjering, lausriving.

– Det handlar litt om dei kompromissa du må inngå når du er kunstnar, det folk konfronterer deg med, dei konfliktene du har inni deg. Om du stiller opp nok for familien, om du tener nok, om det er riktig å halde fram med kunsten … Folk seier «når skal du slutte å leike deg»? seier Kristina Aas.

Arbeida vart viste i Innvik ved påsketider, og tilreisande kom frå Førde i sør til Ålesund i nord.

– Vi fekk mange begeistra tilbakemeldingar frå vevinteresserte lokalfolk og tilreisande, fortel Kristina Aas.

Til kunstfestival

Dei to kunstnarane sine arbeid er utan tvil ettertrakta. For tida pågår det ein tekstilbiennale i Nederland, der også to av duoen sine arbeid er representerte. Måndag vart dei kontakta av ein kurator.

– Kuratoren lurte på om desse to verka kunne lånast til ein kunstfestival på øya Ameland i november, seier Kristina.

– Det er veldig kjekt at dei av alle arbeid i Rijwsijk har valt våre tekstilarbeid!

KUNSTNAREN KRISTINA D. AAS

  • Kristina Daukintyte Aas er fødd i Litauen, og har utdanning frå Kunst- og designhøg-skulen i Bergen

  • Dei siste 4,5 åra har ho vore busett i Utvik og arbeidd som designar ved Innvik AS ved sidan av kunstnarverksemda

  • Som kunstnar arbeider Kristina D. Aas tekstilt innan både digital jacquardvev, broderi, installasjonar, vev og collage

  • No character style: Sidan 2013 har Kristina D. Aas arbeidd mest med digital jacquardvev, ein teknikk som sameinar den gamle måten å tenke vovne flater på, med den nye digitale teknologien