I slutten av månaden inviterer Olden Raude Kross til datakurs. Målgruppa er enkelt og greitt alle som føler seg usikre på data.

– Det er til dømes ikkje lenger råd å gå i banken og betale rekningane, alt må gjerast framfor datamaskina heime. Enkelte kan ikkje bruke data og nokre vil kanskje skaffe seg eit nettbrett, og difor vil vi gi folk mulegheit for det, seier Sigurd Strand. Leiaren i Olden Raude Kross tykkjer sjølv det var ein terskel å ta i bruk datamaskina, og trur mange kjenner på det same.

Kvardagslege nettsyslar

Det er Marit Sandnes Skrede i Stryn Frivilligsentral som har teke på seg å halde kurset som skal vere i Olden helsetun. Fokuset blir på kvardagslege nettsyslar som kan vere nyttige og kjekke å kunne.

– Lære seg å betale rekningar, gå på Facebook, sjekke ut nyheiter, lese Fjordingen - typiske kvardagslege ting, seier Strand.

Vidare tenkjer ein at omfanget av kurset blir litt til etter kvart som ein er i gang.

– Det er sett oppstartdato men kor mange dagar og vidare løp finn ein ut etter kvart, seier han.