Skåla opp er det store treningsmålet for mange. Slik er det også for ein kamerat-trio i Stryn.

Rasmus Gausemel (28), Bjarte Eimhjellen (32) og Rasmus Endre Bø (34) har gjort det til tradisjon å delta i Skåla opp. Og som ein del av tradisjonen høyrer det med ei veke eller to med fellestreningar når løpet nærmar seg.

– Det er kjekt å ha litt kontroll på kvarandre, seier Eimhjellen, og får ein rungande latter i respons frå dei to andre.

– Nei, men som småbarnsforeldre er det kjekt å ha påskot for å kome seg ut annankvar dag i halvanna veke. Ta seg litt lenger turar, seier Bø.

Generalprøva

Dei har nettopp lagt bak seg fire flotte treningsturar som skal gi dei det vesle ekstra når startskotet smell laurdag morgon. Tur til Hoven, med innlagt besøk på Staurinibba og Skredfjellet, ein bomtur i skoddehavet til Rindalshyrna, ein desto flottare tur til Marsåhyrna og endeleg den blodtunge generalprøva til Lisje-Skåla.

–Beste økta før Skåla opp er kanskje turen til Lisje-Skåla. Då er det ein knallhard time, seier Gausemel.

Maskina

Trioen frå Stryn har alle gode personlege rekordar til den 1.848 meter høge fjelltoppen. Best er Bjarte med ein pers på imponerande 1.34.56. Og det av ein som ikkje deltek i noko anna konkurranse gjennom året enn akkurat dette løpet. Trenar gjere han knapt også, om vi skal tru hyaren.

– Vi kallar han maskina, og det har vel litt med det å gjere at han ikkje trenar men sig ifrå oss likevel, smiler Bø.

– Bjarte ser ut som ein muskelbunt, men likevel spring han frå oss oppover, supplerer Gausemel. Sjølv legg han ned mykje trening og kan skilte med tida 11. 37 i ultraløpet Hornindal Rundt.

Skræmeskot

Men då Fjordingen møter dei tre motbakkeklatrarane har Bø med seg eit aldri så lite skræmeskot til kameratane. Sidan det har dukka opp ting som gjere at han ikkje har høve til å delta på løpet i år, har han testa ut løypa denne søndags føremiddagen. Og tida? Jau, 1.36!

– Å, fytti katta! kjem det frå dei andre, mektig imponert over prestasjonen. Regnvêr nede og snødekke på toppen gjere ikkje akkurat tida dårlegare. Men Bø si nye bestenotering gir også trua på gode tider for dei to andre. Gausemel har pers på 1.40.09 og augnar no håp om å sjå 30-talet. Siste dagar med finpuss skal ordne det.

– Det blir ein liten tur tysdag og torsdag. Ein må halde kroppen i gong, men likevel samle overskot, lyd resepten.

Rekordhaldaren: Ahmet Arslan frå Tyrkia har framleis løyperekorden til Skåla. Den er på 1.07.06, sett i 2012. Foto: Roy Aron Myklebust