- Små barn på skulevegen blir lett usynlige bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlige situasjonar i trafikken, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding der dei oppmodar folk om å stusse hekkane sine i samband med skulestart.

- Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.

Ein lovpålagt stuss

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

– No starter barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mulig skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må være synlege langs vegane, seier Heggestad som viser til at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova.

- Det er du som bor ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal være god sikt ved vegkryss og ved avkjørsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar, seier Heggestad.

Berre ein halv meter

Når du står fire meter inn i avkjørselen di skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkjørsla.

– Det kan av mange oppfattast som svært lavt. Eg trur ikkje alle kjenner til denne bestemminga, for det er mange hekkar som blokkerar sikta, seier Heggestad.