– Sett frå vår del av kloden vil månen den 21. august berre så vidt gli inn framfor sola. Vi får med andre ord ei delvis solformørking – ei ekstremt lita ei. Den inntreffer rundt klokka 20.45 idet sola går ned i horisonten, og den er i praksis berre synleg frå Sør- og Vestlandet, skriv astronom Jan-Erik Ovaldsen på sin nettstad Himmelkalenderen.

Ovaldsen opplyser til NTB at det er fleire forhold som gjer at solformørkinga er vrien å observere frå Norge.

– Men på den andre sida av Atlanteren er formørkinga total. Fastbuande eller ferierande nordmenn i USA bør dermed gjere seg klare til ei fantastisk himmelhending, seier han.

(©NPK)