Omkøyringsvegen i Utvik blir opna for kolonnekøyring for alle køyretøy, også tyngre køyretøy frå kl. 16.00 fredag. Det er det mange som er glade for.

– Det er heilt fantastisk. Eg kan ikkje hugse å ha vore så glad i transportsamanheng. Det er som julaftan og 17. mai på same dag, seier ein tydeleg letta Rolf Olav Tenden.

Tenden legg ikkje skjul på at omkøyringane for dei 30 bilane i transportfirmaet har kosta dei vekene vegen har vore stengt for tungtransport.

– 12.000 kroner i ekstra kostnadar kvar dag har dette kosta berre oss. Dette viser og kor viktig riksveg 60 er, seier Tenden som vil rose Statens vegvesen for å ha lytta til næringslivet.

Finden opplyste først om vegopninga onsdag kveld under

folkemøtet i Utvik

.

Opnar for tungtransport i nabolag. Kl. 16 i dag fredag opnast denne vegen på Hage i Utvik for tungtrafikk. Aktørar i næringslivet i Stryn har sjølv lagt asfalt på vegen. Vegvesenet ber sjåførar vise omsyn i nabolaget. Foto: Roger Oldeide

Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har jobba for å utvide passeringa forbi det flaumskadde partiet på fv. 60 i Utvik til å gjelde også tyngre køyretøy. Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og leidebil.

- Omkøyringsvegen blir døgnopen, men vi oppmodar tungtrafikken til å ikkje køyre om natta grunna sjenanse for dei private bustadene ein passerar tett forbi, seier Finden.

Planen er fortsatt å opne repaprert fv. 60 gjennom Utvik for trafikk rundt 20. september.

Frå laurdag vil ferjesambandet E39 Anda - Lote igjen bli trafikkert med ei ferje.

- Vi vil rose Fjord1 som var raskt på plass med ekstraferje og har trafikkert sambandet med to ferjer i perioden med stenging og redusert framkomst over Utvik, heiter det av pressemeldinga.