To spreke kvinner frå Sogn og Fjordane er blant dei rundt 1000 som stiller til start i konkurranseklassen i Skåla Opp i dag.

Karoline Holsen Kyte er frå Førde, og Eli Anne Dvergsdal er frå Jølster og representerer Gular IL. Kyte var best av dei norske deltakarane i EM i motbakkløp i år med ein fjerdeplass. Dvergsdal er komen sterkt tilbake frå eit skadeavbrekk i fjor, og har blant anna vunne norgescupen i motbakkeløp i år.

Begge er blant utfordrarane til å vere med heilt i toppen av motbakkeløpet i Loen.

Veret på toppen av Skåla skal vere opphaldsver og såvidt plussgrader.

HER kan du følgje med på arrangørane sin nettstad for liveresultat

Løpet starta kl. 10.