- Dette skremmer kvinner unødvendig, meiner helseminister Bent Høie (H) om kritikk av fødselsomsorga frå Norges Kvinne- og familieforbund og Senterpartiet.

Blant forholda forbundet tar opp er lang reiseveg til fødestova, sjukehus som skriv ut nybakte mødrer i ekspressfart og mangel på jordmødrer i kommunane.

– Sjølv drektige kyr har atskilleg betre tilbod, uttaler forbundsleiar Elisabeth Rusdal.

Senterpartiets helsepolitiske talskvinne Kjersti Toppe er einig:

– Transport av drektige kyr er det strenge reglar for, mens i helsevesenet legg ein opp til at fødande skal reise. Og så fungerer jo ikkje følgjetenesta, det er nærmast ein vits, seier ho til NTB.

Kvinner som skal reise over to timar i bil, kan ikkje rekne med å få følgje av jordmor. På fødeklinikken er kvinnene heller ikkje sikra å ha jordmor hos seg under fødselen, slik dei har krav på.

Likevel meiner helseministeren at skildringa av tilbodet er feil.

– Norge er av Redd Barna kåra til det beste landet i verda å vere mor i. Vi ligg på topp når det gjeld resultat på fødsel. Så den type skildring som blir gitt av tilbodet i Norge, synest eg berre kan ha eit formål: Det skremmer kvinner unødvendig, seier han til NTB.

Han påpeiker at talet på transportfødslar er nær halvert sidan 2000, til 125 i 2016, og at dei fleste av desse skjer i byane.

Sender barselkvinner heim

Torsdag deltok forbundet og Toppe i ein debatt om situasjonen i norsk helsevesen med statsråd Bent Høie (H) under Arendalsuka.

Toppe er mest uroa for fødetilbodet ved dei store universitetssjukehusa og for manglande oppfølging i kommunane.

– Føretaka prøver å få dei fødande fortare ut av sjukehuset. Eg er ikkje imot at det skjer, men når kommunane ikkje står klare og tar imot, er det dei nyfødde barna og kvinnene som blir skadelidande, seier ho.

Når Bergen får nytt barnesjukehus i 2022, får fødeavdelinga om lag like mange rom som i dag, trass i venta befolkningsvekst. Sjukehuset planlegg for at 40 prosent av dei fødande vil bli skrivne ut frå 4 til 24 timar etter fødselen.

– Eg opplever at barselomsorg blir definert ut som helsetilbod. Ein seier det er friske kvinner og friske barn, seier Toppe.

Kvinne- og familieforbundet slår fast at det ikkje er nok utdanna jordmødrer og helsesøstrer i kommunane. Saman med pengemangel, gjer det at barselkvinner ikkje får heimebesøka dei skulle hatt.

Under debatten peikte Toppe på at samhandlingsreforma, der kommunane skal ta større ansvar for oppfølging av pasientar, er dårleg følgt opp.

For få jordmødrer

Høie vedgår at det er for få jordmødrer i kommunane, noko som går ut over følgjetenesta og heimebesøk. Men regjeringa er i ferd med å bøte på dette ved å styrke helsestasjonane og skulehelsetenesta, hevdar han.

At det har vore press på fødeklinikkane om sommaren, er han også einig i. Mange har planlagt for å få barn på eit tidspunkt som passar med fristen for å få barnehageplass neste år. Samtidig skal dei tilsette ha ferie.

– Eg har vore veldig tydeleg overfor helseregionane at dei må sikre ein-til-ein-oppfølging under fødsel, og planleggje ferieavvikling så ein gir eit trygt tilbod. Det opplever eg er blitt følgt opp denne sommaren, seier Høie.

Helseministeren deler ikkje uroa for at nybakte mødrer blir skrivne ut av sjukehuset etter få timar, utan at dei sjølv ønsker det. Liggjetida tar omsyn til livs- og helsesituasjonen til den enkelte, ifølgje helseministeren.

– Sjukehuset skal også vere kjent med kva slags tilbod kvinna kan få i kommunen, seier han.

Toppe meiner årsaka til den negative trenden ho meiner å sjå, er at sjukehusa er pressa og har harde effektiviseringskrav. For eksempel fører tilbod om dyre medisinar til kreftpasientar til at sjukehusa må prioritere hardare, meiner ho.

– Eg har ikkje noko inntrykk av det, repliserer Høie.

(©NPK)