Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har no avslutta saka om ulovleg vinkelsliping av eit svaberg på Sunndalssetra i Oppstryn.

Det var i starten av juli at nasjonalparkstyret reagerte på vinkelslipinga på berget ved eit sel. Styret meinte handlinga var klart i strid med vernereglane som gjeld i nasjonalparken. Dette har no blitt retta opp av eigaren av selet. Skara i svaberget er no fylt att med finknust elvemasse i omtrentleg same farge som berget rundt.

- Ut i frå bilde frå staden vurderer vi at gjenfyllinga med elvemassen ser ut til å fylle kravet om retting av dette ulovlege tiltaket. Med tida så vil også mose, lav og gras også etablere seg att rundt selet, og det vil bli enda mindre synleg. Vegetasjon som etablerer seg rundt selet skal ikkje fjernast, med mindre det gjeld små tre som er til fare for grunnmuren. Dersom det kjem store mengde regn før vegetasjonen har etablert seg, så elvemassen eventuelt blir vaska vekk, vil vi oppretthalde kravet om ny gjenfylling av skara.

- Med dette vil vi avslutte saka, skriv nasjonalparkforvaltar og sakshandsamar Maria C. Knagenhjelm i eit brev til blant andre Stryn kommune.