Søknad om skjønnsmidlar til å dekke kommunale utgifter etter flaumen i Nordfjord, må sendast inn innan 15. september.

Det skriv Fylkesmannen i eit brev til kommunane Stryn og Gloppen.

- Vi viser til uveret som ramma kommunane måndag 24. juli. Til alt hell førte ikkje hendinga til personskader. For dei materielle skadane på kommunal infrastruktur har kommunane mogelegheit til å søke om skjønnsmidlar til dekking av ekstraordinære kommunale utgifter, på grunnlag av dokumenterte kostnadsanslag, skriv fylkesmann Anne Karin Hamre og seniorrådgjevar Marit Lunde i Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i eit brev til Stryn kommune.

Departementet legg til grunn at det som kan kompenserast gjennom skjønnsmidlane er: Ekstraordinære utgifter knytt til handtering av den akutte krisesituasjonen. Kompensasjonen gjeld også for ekstraordinære utgifter knytt til reparasjonar av kommunal infrastruktur

Skjønnsmidlane kompenserer ikkje for følgjande: Utgifter til førebyggjande tiltak. Utgifter knytt til standardheving på infrastrukturen. Utgifter som blir dekte gjennom forsikringar eller andre etatar/tilskotsordningar eller eigenandeler knytt til desse ordningane

Kommunane må sende kostnadsoverslag til Fylkesmannen som gjennomgår dokumentasjonen, og sender søknaden vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dersom kommunane har utgifter som i sum er større enn 250 kroner per innbyggjar, kan de få ein kompensasjon som dekkjer halvparten av utgiftene. Om utgiftene er større enn 500 kroner per innbyggjar, kan kommunen få dekka alle utgifter utover 250 kroner per innbyggjar.

Fylkesmannen ber om at kommunane sender inn eventuelle søknader så fort de har anslag over utgiftene klare. I samråd med departementet er det ønskjeleg at dette vert handsama i løpet av september.