Når foreldre råkøyrer sine eigne barn til skulen, set dei naboen sine barn i fare. – Gje dei heller ein sunn og god start på dagen. La barna gå eller sykle! seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Kvart år held lokalt politi, Utrykkingspolitiet og Statens vegvesen trafikkontrollar i samband med skulestart. Kvart år miste ei rekke foreldre førarkortet, eller får høge bøter, for å ha råkøyrt på skulevegane. I baksetet sit den håpefulle og ser kanskje vener som går eller syklar til skulen.

– Eit stadig problem ved mange skular er den kaotiske trafikken ved skulestart og skuleslutt. Dess fleire som køyrer, dess fleire uoversiktlege og farlege situasjonar blir det for barna, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Impulsive barn

Dei som går eller syklar til skulen får trafikkerfaring, frisk luft og fysisk aktivitet som gjer ein god start på skuledagen. Viss du må køyre bil, vurder om du kan stoppe eit stykke unna skulen. Då kan barnet gå den siste delen av vegen åleine eller samen med andre.

– Køyrer du på en skuleveg må du huske at barn er impulsive. Oppdagar dei noko spennande, kan dei gløyme at dei kryssar vegen, seier Heggestad.

Dei yngste skulebarna forstår ikkje at bilisten kan vere oppteken av andre forhold i trafikken, og at dei difor ikkje legg merke til dei.

Vil gjerne sykle

I dag vert mange barn køyrd med bil til skulen av foreldre, sjølv om avstanden er kort. Dersom fleire syklar i staden for å bli køyrd, vil biltrafikken ved skulane og langs skulevegen bli redusert. Mange barn seier at dei ville ha sykla, dersom dei fekk bestemme sjølve.

Trygg Trafikk anbefaler at barn bør være 10-12 år gamle før dei syklar åleine i blanda trafikk. Det er først i denne alderen dei har føresetningar for å kunne sykle i eit vanskeleg trafikkbilde.

– Er skulevegen trygg nok, kan barn gjerne sykle åleine tidligare. Det kan også vere fint å sykle saman med foreldra, seier distriktsleiaren.

Trygg Trafikk sine råd til foreldrene:

• Gå skulevegen saman med barna og snakk om det de ser i trafikken. • Gå saman med andre foreldre og fordel dagar de føl barna til skulen.• Finn den sikraste skulevegen. Den kortaste er ikkje alltid den tryggaste. • Dersom du må køyre barnet ditt til skulen, bør du stoppe eit stykke frå skuleporten, så barnet kan gå den siste strekninga. • Å sykle saman med barnet, gjer god trening i trafikken.