Det er over 300 elevar ved Stryn vidaregåande skule i år. Dette ført til at ei ny problemstilling har dukka opp: Hybelmangel.

- Ved skulestart var det ikkje ledige hyblar å oppdrive, fortel Elisabet Bø Nesdal, førstekonsulent ved Stryn vidaregåande skule.

– Vi har elevar som står utan hybel første skuledag, seier Elisabet ho til Fjordingen.

– Har skulen feilberekna hybelbehovet?

– Det er faktisk umogeleg å vite kor mange som treng hybel når skulen startar. Det er folk som får plass i siste liten, og nokre får også plass i det skulen startar eller dagane etter, fordi det er nokon som har takka nei eller trekt seg frå plassen sin, seier Elisabet Bø Nesdal.

Førstekonsulent Elisabet Bø Nesdal fortel at det ved skulestart er elevar som står utan hybel.

– Kva gjer de no for dei elevane som ikkje har fått hybel?

– Vi håpar sjølvsagt at det skal dukke opp fleire hyblar etter kvart. Og så prøver vi å hjelpe dei så godt vi kan inntil vidare.