Arrangøren av VM i tømmerhogst ønskjer å bruke fjellet Marsåhyrna i marknadsføringa. Arrangementet går av stabelen på Lillehammer i november.

På vegner av arrangøren skriv Kim Reksten Grønneberg i selskapet JCPr at sporten er populær i utlandet, og at arrangørane ønskjer å bruke klassiske bilde av tømmerhogst i Norge i marknadsføringa. Marsåhyrna er sett på som ein ideell lokasjon, og det vert difor søkt om løyve til å bruke helikopter til å frakte ein vingedraktflygar opp på fjellet.

Sjølve foto-opptaket vil vere av ein av dei norske tømmerhoggarane som skal delta i VM med vatnet i bakgrunnen. Parallelt med dette skal ein vingedraktflygar hoppe frå Marsåhyrna og passere ukikks-punktet, slik at ein får bilde av begge to samtidig, skriv Grønneberg i søknaden til Stryn kommune.