Politiforum vier heile seks sider i siste nummer til den mykje omtalte «minibanksaka», der Stryn og Hornindal lensmannskontor greidde det politiet i ei rekkje europeiske land ikkje fekk til: Å ta banden som hadde spesialisert seg på innbrot i minibankar.

Tre rumenarar vart tekne, varetektsfengsla og sikta for minibankinnbrot i Stryn, etter at dei vart stoppa på Lom på flukt frå innbrotsforsøk i minibanken til Sparebanken Vest.

Etter kvart som saka vart rulla opp kom også mistanken om at dei hadde stått bak liknande innbrot i minibankar fleire stader i landet.

Politibetjent Tor Egedahl på åstaden etter innbrotsforsøket i minibanken Sparebanken Vest i Stryn sentrum. Foto: Bengt Flaten

Saka auka deretter i dimensjon til også å strekkje seg utanfor landegrensene. Politibetjent Vegard Dale frå Stryn og Hornindal lensmannskontor reiste saman med kollegaer frå datakrim og påtalemakta i Florø til Haag og møtte politi frå seks andre europeiske land tysdag. Møtet var lagt til Europol sitt hovudkontor.

– Alle landa presenterte saker med foto og framgangsmåte. Med små nyansar viste presentasjonane at minibankinnbrota i dei ulike landa følgjer same framgangsmåte, fortalde Dale til Fjordingen.

I etterkant av dette møtet i Haag slapp Europol i følgje Politiforum ei pressemelding om at totalt 27 personar hadde blitt pågripne i forbindelse med «blackboxing» mot europeiske minibankar i 2016 og 2017. Tre av desse vart altså pågripne etter at dei forsøkte seg på minibanken i Stryn.

– Det er klart det er gøy at dei vart stoppa i Stryn når dei har reist rundt i heile Europa, seier Dale til Politiforum.

Fagbladet fortel at lensmann Lasse Trosdahl seier fellesskapstanken i Sogn og Fjordane er svært viktig å få fram.

– Det er slik vi maktar å ta dei store sakene, seier Trosdahl og referer til Fjordingen:

– Som lokalavisa «Fjordingen» skreiv på leiarplass to dagar etter at dette hende, «Dette er lokalpoliti i praksis». Vi kjenner folk, vi veit at det er få vegar ut av kommunen, den lokalkunnskapen er utuleg viktig, understrekar lensmannen.

I følgje Politifourum fnyser han litt av ordet «robust», og meiner det har blitt ein floskel.

– Denne fjorden her er eit robust fagmiljø, seier han til fagbladet, og viser mellom anna til samarbeid med poltiet på Nordfjordeid og heilskapstenkjinga politiet har seg imellom her i distriktet.

Les heile saka i Politiforum på nett her.